Klokka er no 18.22.Ute er det stort sett overskya , men opplett. Temperaturen er +13grader C.
Denne dagen vart ikkje slik eg hadde tenkt, og det er eg litt skuffa over. Eg hadde tenkt å klippe alle plenane , men så ville ikkje klipparen starte same kor mykje eg prøvde. Hadde eg endå hatt sen på kantklipparen, kunne eg ha fått gjort mykje med den. Men så vel var det ikkje..
Men eg hadde ein god del hagearbeid som eg fekk gjort utan maskiner.Mellom anna rydda eg litt opp på tilbygget der muren er dekt med eføy. Eg fekk rydda bra opp der, men eg veit at der er minst like mykje som må vekk inne i tilbygget, då må eg helst ha nokon med meg, for der må ein klatre. Solveig har hjelpt meg før-eg er litt for gammal til å klatre i stigar etc.(Men eg gjer det litt likevel) Eg fekk no ein god del rusk ned i kassa mi, den er snart like full som før vi tømte den,men eg håper at at den skal søkke i hop litt. Håpet er at vi skal få samle gras etc. så vi slepp å fare så ofte på VØR. I år har eg ikkje vore der så ofte, fordi eg ikkje har hatt bil.
Eg var oppe hos Marit ei stund, men så har eg sete her heime og sett TV, ei god stund. I heile dag har eg følt på at det er søndag, men det veit eg no godt at det ikkje er. No ser eg fram til at det vert skuleferie, for då vert nesten heile familien vår fri, dei fleste er anten elevar eller lærarar, og då håper eg på mykje besøk,-dei er no flinke å besøke meg no også, det er ikkje det. Solveig og Øystein kjem vel til å bli pensjonistar-og det kan bli kjekt for alle.
Eg har ikkje laga meg middag i dag, etter tre dagar med kjøtt -kan det vere ein pause.- Eg er forresten litt redd for at kaffitraktaren er gåen-vi får sjå kva som skjer.







